
I dag er det 22 år sida meisterspelemannen Torleiv H. Bjørgum spela seg i kvile...
Og for ei betydning han har hatt fått for generasjonen etter seg!
Mange har sine historia om deira ”møte” med Torleiv, og min er vel ikkje noko særleg spektakulær iforhold til mange andres, men det vert i detta innlegget min måte å heidre hans minne på, for min del.
Det vanlege er vel å gjere dette på fødselsdatoen, og då helst om det er eit ”rundt tal” – heldigvis er ikkje så mykje med meg vanleg!
I 2007 kjøpte eg den fyrste Rammeslag plata, og då las eg namnet hans mange gonger (han er Daniels store førebilete, Sigurd har mange av slåttane sine etter han, og slåtten Torleiv Bjørgums Minne vert spelt der) men namnet sat seg ikkje på den tida.
Dette året starta eg òg som elev hjå Sigurd, som er bornebornet til Torleiv. Men likevel skulle det ta 2 år før han vart ein interessant person for meg.
Det var den hausten starta eg på siste året mitt på Vinstra vidaregåande skule (2009-10), og då skulle me ha ei særoppgåve i folkemusikkhistorie, som skulle ha noko med hovudinstrumentet dit å gjer.
Namnet Torleiv H. Bjørgum var vel eigentleg det einaste eg tenkte eg kunne finne på noko kring. Det var eit namn eg ikkje viste nokon ting om, men eg viste Sigurd var bornebornet hans, og at eg då var sikra ei god kjelde.
Oppgåva fekk namnet:
” Torleiv H. Bjørgum
- utøvaren, tradisjonane og munnharpa”
Dette er ei oppgåve som har fått særs mykje å sei for meg, og har vore det verkelege gjennombrotet for kunnskapen eg har om tradisjonane i dalen og hugen til å ville studere denne tradisjonen vidare. Det var ei oppgåve eg jobba lenge og vel med, og endte med å få karakteren 5+. Sida den gong har ho vorte så mykje betre!
No er eg på 3. versjon av oppgåva, og draumen er å skrive ei bok.
Musikken til Torleiv, kvedinga, munnharpespelet, felespelet, og personlegdomen eg har vorte kjend med gjennom opptak, filma, folkeprat, ymse innlegg han har skreve her og der osv, har faktisk gjort noko med meg. Eg føler meg ”komplett” høyrer musikken hans, og tenkjer for det meste ”så utruleg bra sagt / så utruleg godt poeng!”, når eg les eller høyrer noko han har uttalt seg om.
I spelet, er det alltid eit dansedriv ingen kan fylgje opp, eit mål i fela som er så personleg og ei måte å spele stevtonar på som gjer at det røra noko inni meg, kveding som får meg til kvede med, og munnharpeslåtta som er utruleg gode kjelda!
Alt i alt, er det noko med han som berre er ”rett” for meg.
Men det er nok, som mange andre seier: drivet i spelet – det kom frå hjarta, og han formidla det på sin måte, og noko eg verkeleg verdset med han, er at han var ikkje den som kom høgt opp på resultatlista – samstundes som han vart (og framleis er) rangert som ein av dei beste spelemenna i Setesdal i nyare tid.
Til dette sa han noko som:” Eg vil heller spele som meg sjav og få unaturleg låg poengsum, enn å spele som_______ å få unaturleg høg poengsum” (eg har med hensyn til dei som likar denne spelemannen valt å sensurere namnet).
Dette er eit sitat eg har starta å leve opp til, sida eg har møtt min store kappleikssmell som eg ikkje har kome over enno, så har eg gjort det som meg sjølv – og sjølv om det er mange som ikkje likar spelet mitt, er det enno fleir som likar det!
No bur eg på Sylvartun, som var Torleivs prosjekt og draum. Underetg. der eg har: kjøken, spisestoge (kontor) og do, var staden der Torleiv og Helga budde om sommarsesongen. Attmed kjøkenet er sylvsmia som dei dreiv. Dei øvrige etg kom etter Torleivs bortgang, men like vel kjenner eg Torleivs and, og trur han hadde likt å ha meg her.
Eg vert heller ikkje mindre inspirert av å vera her! Når eg fyrst set meg med munnharpa, eller fela – syns eg det heng i ei spesielt god dåm i veggane.
Torleiv er elles ein av dei mest dokumenterte utøvarane frå dalen, noko som gjer at eg med stor giver sit på arkivet å høyrer på opptak – og kjem over mange ”ukjende” skattar – ein slått er aldri lik. Det som òg er særs gøy med opptaka, er at han ofte fortel om slåttane. Ikkje allstøtt så mykje, og ikkje allstøtt noko nytt – men det er allstøtt noko prat som iallefall eg syns er interessant å høyre (eg plar somregel sitje å pugge på kva han seier, for å få dialektorda inn i mitt eige vokabular)
Ei plate eg likar særs godt med Torleiv, er Farkadden, som eg anmelde i førre innlegg. Elles likar eg særs godt Skjoldmøyslaget (Torleiv døyde diverre dagar før den kom ut...), og kassetten Sæbyggje og Teledøl som kom ut ilag med Knut Buen. Under denne innspelinga var Torleiv ikkje heilt i fysisk stand, men eg syns det gjer noko med opptaka. Det høyres litt sårt ut, samstundes som EG syns det er ei fantastisk klang i fela og igjen: noko eige med slåttane. Stevrekkja som kjem fram på denne kassetten er òg så ven som ingen andre.
No skal forøvrig Hallvard og Daniel i gong med innspeling av ”Torleivs Minne”, ei plate eg har gleda meg til sida eg høyrte ymse ”konfidensielt” prat om den på eit nachspiel for eit par år sida – og no skal dei endeleg i gong. Plata skal bli innspelt på Sylvartun, noko som betyr at eg kjem til å få høyre mykje godt spel i veggane framover!
Torleiv var og ein person som sto for å ta vare på tradisjonane, noko eg òg har vore med åra.
Eit sitat som er utruleg bra frå Torleiv er:
” Til meir ein kjenner dei gamle måtane å leve på og greie seg,
til meir respekt får ein for kor flinke dei var til å lage seg reiskap
og daglegdagse bruksting.
Av den grunn er det ei heil lita soge om kvar ting ein tek i hendane.”
AMEN til det! Lenge leve tradisjonsbering i den anda!
Som leiar av Bygdeminnelaget Knut Heddis Minne og leiar i Spelemannslaget i 3 år (og elles ein viktig del av styret), la han mykje vekt på det å halde kurs i spel, og med Bygdeminnelaget vart det sat i gong restaurering av Heddi-stoga (som no står på baksida av Soknehuset på Rysstad), han var òg i fronten for restaurering av andre bygg, og elles var Sylvartun ei stad der han sat opp gamle stabbur, dreiv utsal frå sylvsmia, og dei dreiv kafé – og Torleiv spela meir enn gjerne opp for turistane som var innom.
På si tid, var Sylvartun den mest besøkte kulturatraksjonen i dalen!
Difor, vert eg alltid glad når eg les innlegg av Torleiv i spelemannsblad/høyrer på opptak o.l, der han fortel om kor viktig det er å ta vare på tradisjonane. Eg syns me trygt kan sei at om ikkje Torleiv hadde jobba så hardt for det (med ein god del motgong) – hadde ikkje Setesdal vert så rikt tradisjonsområde i dag, med mange ildsjelar.
Torleiv døyde (som eg har nemnt mange gonger), når han spelte slåtten som i dag går under namnet ”Torleiv Bjørgums Minne”. Dette var ein namnlausgangar etter Petter Veum, og var hovudårsaka til at eg valte å skrive årsoppgåve om Petter Veums tradisjon i Setesdal i fjor.
Det er min desiderte ”alltime” favorittslått – ein slått eg høyrer på heile tida. Eg fekk tilåmed Hallvard til å ”spele meg ut av tenåra” med den slåtten på Sølvgarden frå 23:58-00:00 på skilje mellom 28 og 29 desember 2011.
Det er vanskeleg å setje ord på kor sterk denne slåtten er for meg. Ikkje at eg tenkjer på det at Torleiv døyde når han spelte den – men det ligg i bakhovudet. Samstundes som det er ein kraftig og god slått, med gode nyansar. Ein slått eg allstøtt vert glad for å høyre, og som fekk stor betydning for meg når eg skreiv min fyrste oppgåve, og vart kjend med Torleiv H. Bjørgum.
Hadde det ikkje vert for at eg valte å skrive oppgåve om han i 2009/2010 – kan eg ikkje sjå for meg at eg hadde vert så interessert i tradisjonsbevaring som eg har vorte no. Eg trur heller ikkje eg hadde vore så interessert i Hylestad-tradisjonen, og på langt nær vert så glad i denne bygda at eg hadde flytta hit. Berre pga ein mann, som i dag har vert borte frå denne jorda i 22 år.
Kvil framleis i fred! Håpar du er fornøgd med kva du har gjort for etterkommarane dine!